Det som ingen ende har

Mia Habib gjev oss ein konstruksjon som blir demontert, men den blir ikkje avslutta.

 

Anmeldelse i Scenekunst / Vilde Standal Bøyum.

 

Overveldande. Det er kjensla eg sit att med etter å ha sett How to Die, Inopiné på Bærum Kulturhus. Eg fekk ei aning om at det kunne bli ei heftig oppleving då eg fekk tilbydt øreproppar på veg inn til kulturhuset si store scene. Vi blei oppfordra til å flytte oss forsiktig over golvet då vi skulle finne seter i salen. Stolane stod plassert langs alle fire veggar i to rader, og dei stod vendt mot midten der ein merkeleg konstruksjon er blitt bygd opp. Det er eit uryddig, stort bygg, og eg tenkjer fort på noko etterlatt midt i ingenmannsland. Det minner også om noko Peter Pan kunne ha bygd og budd i. Eg ser ein stige av tre bunden saman av tau. Dei har brukt pallar av tre, lange greiner og tøy. Nokre tønner av metall er sett oppå kvarandre og ser ut som ei industriell pipe.

 

Dansarane er på golvet frå starten når publikum kjem inn. Dei er iført ei kvit heildrakt med forskjellege mønster på. Eg ser raude roser og paljettar sydd inn. Draktene gir dei ein jordnær vibb, ein effekt eg likar godt. Musikken er også i gang, men det tar litt tid før eg tenker over den. Den er hypnotiserande gjentakande og cirka fem tonar blir spela om att og om att medan dansarane beveg seg rundt på scena. Dei startar å byggje ned konstruksjonen av tre, og dette brukar dei lang tid på. Det er mykje som skal demonterast, men det gjer også at eg lurer på kva som skal skje når alt av tre ikkje lenger heng saman.

---

Den andre delen av verket tar sted ute ved Sandvikselva. Fire bål er plassert ved Byscena og vi får sjølv velje kva bål vi vil gå til. Det betyr at eg berre får høyrt ein historie, og eg får høyre Otto Ramstad sin. Det er ein utruleg forteljing eg får høyre om symbiose, om at sopp er nærmare i slekt med dyr enn med planter. Det er ein forteljing om korleis alt heng saman, og korleis det verkar som om liv ikkje har ein avslutning. Det er denne forteljinga om hans tap av sin barndomslærar som knytt verket saman for meg. Det eg så vidt kunne ense frå den fyste delen vart definert av Ramstad sin forteljing. Eg ville likt å vite om eg hadde fått same openbaring om eg hadde høyrd på ein av dei tre andre forteljingane.

---

Kjensla av å vere overvelda kjem av dei sterke inntrykka verket gjev, då spesielt med tanke på korleis musikken byggjer seg opp og ned, korleis ljoset blinkar og tempoet på koreografien. Måten framsyninga går brått fram og tilbake mellom det valdsame trykket og det dørgande stille gjer at eg føler eg har vore med på eit ritual. Den overvelda kjensla kjem av å vere mentalt utmatta etter alle desse inntrykka, og hadde det ikkje vore for forteljinga i andre del, ville eg nok sete att med ei kjensle av noko overflatisk. Men forteljinga blei knytt saman med nedbygginga og oppbygginga av trekonstruksjonane i fyste del på ein måte som fekk alt saman til å gå opp i ei høgare eining og gjer at det heile ikkje får ein ende.

---

Les hele anmeldelsen i Scenekunst.no

---

Vilde Standal Bøyum / Scenekunst.no